Leikongeidet
Gurskøy Gokartbane vart starta opp i 2005, og kosta då heile 2,5 millionar kroner. Sidan starten og fram til i dag har det heile tida blitt gjort forbetringar, og to av karane som var med frå starten, Ivar Sætre Aarskog og Kristian Myklebust, fortel at det har gått med mange timar.
– Sidan oppstarten i 2005 har det vel vore omkring 10.000 dugnadstimar, fortel dei to.
Og dugnadstimane har gjort at Gurskøy Gokartbane har fått eit særs godt renommé i gokartmiljøet, noko både vi og andre besøkjande denne laurdagen meinte var fullt fortent. Det vart lagt ny asfalt i 2006, og veggrepet er eventyrleg bra – sjølv om vêret ikkje alltid er optimalt.
–Asfalten var ny i 2006, og vi er veldig fornøgde med køyreforholda. Her er alltid folk på laurdagane, sjølv om det regnar, seier Sæter Aarskog.
Sjølv om køyringa hadde vore fornøyeleg sjølv med regn, slapp vi regnet, og fekk køyre i strålande sol.
Innkøyring
Vi kom til Gurskøy Gokartbane rundt klokka 13.30, og såg ut til å ha bana for oss sjølve. Vi fekk tildelt brannsikre køyredressar og hjelm, og etter ein superkjapp leksjon bar det rett utpå asfalten. Sjølv om alle hadde køyrt gokart før, trengde ein nokre rundar før godkjensla kom.
Tidlegare hadde nokre av oss køyrt innandørs, men å få køyre utandørs var ei mykje betre oppleving – veggrepet var fantastisk. Adrenalinkicket det same – for bana på Leikongeidet er flott bygd, og ein kan trykke gassen i full nærmast heile tida. Vi var alle veldig einige om at køyreforholda var svært gode.
Utdrikkingslag i hundre
Og like etter første runda fekk vi besøk. Ein minibuss fylt med veldig glade menn steig ut, og vi forstod med ein gong at det var eit utdrikkingslag som hadde teke turen – sidan den eine kom iført eit heller uvanleg hovudplagg: ein kyllinghatt.
Brudgommen hadde blitt dregen med tidleg påmorgonen av kameratane, og ei fantastisk reise hadde starta frå Selje. Han og dei 11 andre var, etter instruksar frå Sætre Aarskog og Myklebust, i gokartane enda kjappare enn Vikebladet Vestposten sine utsende. Deltakarane var naturlegvis edru då dei sette seg i bilane, berre så det er sagt.
– Heilt konge!
Det var hard kniving i kvar ein sving, og gutane køyrde i heat på 6 stykk der alle kom med glis om munnen når dei var ferdige.
– Hehe, eg tenkte jo at eg var dritgod, men eg fann kjapt ut at eg ikkje var så god, humra brudgommen.
– Det var i alle fall eit fantastisk kick. Eg har prøvd gokart innandørs før, men dette var mykje, mykje betre. Det var kjempekjekt.
Utdrikkingslaget var heilt einige etter opplevinga.
– Dette var heilt konge!, brølte karane før dei drog vidare til Malakoff Rockfestival.
Konkurranseinstinkt
Og etter at vi hadde vinka utdrikkingslaget vidare, tok vi fatt på vår andre runde – og då tok konkurransen av. Vi bestemte oss etter ei runde for å starte likt, og då vart alt ofra. Då vi fann ut at full gass i svingane var det einaste logiske alternativ, vart det enda kjekkare å herje rundt. Rundt 45 sekund i gjennomsnitt på dei 10 rundane var resultatet i mål for vinnaren.
Då vi kom i mål, stod allereie to særs unge karar klare. Dei hadde eigne gokartar, og vi såg raskt at dette var seriøse gutar. Fedrane såg på, og fortalde oss at gokartane til sønene gjekk over 100 kilometer i timen på det raskaste. Det mot våre som gjekk i cirka 50 kilometer i timen i gjennomsnitt. Vi køyrde ikkje mot dei, for å seie det slik.
Nedkøyrde
I den tredje og siste runda vår fekk vi besøk av tre andre – dei køyrde si første runde. Det gjorde at dei dessverre var mest i vegen for tre ekstremt aggressive gokartkøyrarar frå lokalavisa. Det vart uansett knivskarp konkurranse. Vi køyrde forbi kvarandre gong på gong, men det var til slutt annonseavdelinga som suste over mållinja først – etter at både desken og journalisten hadde snurra litt rundt.
Etter at vi hadde fått av oss køyredress og hjelm, var gliset stadig på plass, og både hjarte og adrenalinet pumpa i høgt tempo. Tilbakemeldingane til Sætre Aarskog og Myklebust var utelukkande positive, og dei fortel at besøket har blitt berre betre og betre.
– I år er det endeleg veldig bra. Det blir berre betre og betre. Folk har fått auga opp, og vi har gått frå 50 til 80 medlemmar sidan i fjor, nikka karane, før vi vinka farvel.
Noko som er heilt sikkert er at vi skal tilbake – ein kjensle vi trur dei fleste sit igjen med etter første tur der.