Sulafjellet
For den som vil prøve skiføret på Sulafjellet, er det derfor lurt med eit austleg angrepspunkt - med mindre du likar å gå bråbratt.
Mange på øyane sør om Breisundet veit ikkje at det relativt slake området opp for Mauseidvåg er gjennomstunge av skiløyper - jamvel lysløyper. Har du lyst på litt avveksling frå ditt heimlege turterreng, også sommarstida, er det berre å slutte seg til den 3 km lange traséen opp til Rollonhytta (400 m.o.h.). Skogsvegen svingar seg over kneiker og småflater oppetter lia - og etter cirka ein time er du ved Rollonhytta der det høver å kvile i solveggen. Ved Rollonhytta tek også trakkemaskinen pause, så resten av fjellplatået kan du ta i sjølvlaga løyper eller i spor som ein eller fleire har gått opp før deg.
Denne tysdagsmorgonen er ikkje temperaturen heilt ideell - minus 15 i Hareid sentrum. Ferjene i Sulesund-sambandet pløgjer i frostrøyken.
For å unngå å måtte krysse riksvegen tikkar eg ned mot Eikrem og køyrer bygdevegen bort til nordenden av Eikremsvatnet der det er parkeringsplass på begge sider av riksvegundergangen.
Skiløypa startar på oppsida av riksvegen. Der er også ein kartplansje som det løner seg å studere. Der finst mange løyper, bl. a. ei 1,7 km lang lysløype. For den som skal til Rollonhytta, er det berre å følgje den flattrakka hovudtraseen og passe på å lystre dei skilta det står “Rollonhytta” på.
I det eg forlet bilen sannar eg at eg gløymde å ta med drikke. D.v.s. eg har kaffi på termos. Men sidan eg har tenkt meg heilt ut til vestpynten av øya, kjem ein nagande tvil om at tre-fire kaffikoppar kan halde oppe væskebalansen. Eg tek derfor med ei tom brusflaske, som ligg på dørken, med tanke på å fylle henne med vatn oppe i lia.
Men det viser seg at dei opne drikkevasskjeldene er tilfrosne og at Rollonhytta, som eg når i løpet av ein knapp times vandring med fellar under skiene, er stengd. Det betyr at også kiosken der er stengd.
Vel, blir det for gale, får eg satse på å ete snø. Snø er som kjent også væske.
Ein anestesilege kjem opp til Rollonhytta like etter meg, og fortel at han gjekk opp - utan ski - på 55 minutt. Likt med meg.
Frå Rollonhytta er det berre å gi seg vidda i vald. Målet for turen er Trælbodnausa (454 m.o.h.) lengst vest på øya. Eg vel ei sørleg rute opp på høgda, bl. a. for å unngå å måtte gå over den høgste toppen(Vardane, 776 m.o.h.). Oppe på platået legg eg merke til at Sulafjellet eigentleg er krumt. Dersom du ikkje korrigerer for dette, og har tenkt deg øya til endes, vil du få ei mykje lenger vandring enn først tenkt. Eg held meg derfor relativt høgt i sørlia av Vardane, slik at overgangen til dei ytre delane av Sula ikkje blir for kupert.
Det tok ein liten time frå Rollonhytta opp på høgda - og derifrå ein time - og vel så det - ut til Trælbodnausa.
Dei største, flataste viddene på Sulafjellet ligg nettopp i det ytre partiet - og terrenget går heile tida småslakt vest- og nedover mot den siste pynten.
Men kva gjer eg med væske?
Medan eg sit og drikk kaffi ved ein varde kjem den tanken at eg kunne ha snø på den tome brusflaska mi.
Kanskje ville snøen smelte dersom eg la flaska i botnen av ryggsekken?
Så går eg vidare. På knausane lengst ut mot Heissafjorden har vinden kledd steinane og rabbane nakne.
Eg tek av skiene og går den siste biten ned og ut på ytste neset til fots. Fiskebåtar og bøyer over alt nede i Breisundet.
Tilbake ved skiene sjekkar eg “vasstanden” i den brusflaska som eg fylte med snø. Ikkje ein einaste drope. Berre snø. Eg burde sjølvsagt ha lagt flaska ein eller annan stad inn mot kroppen. Så hadde det vel blitt nokre dropar.
På heimvegen et eg ein neve snø for kvart steg nr. 200 - og bergar meg til slutt aust og ned til Rollonhytta.
På grunn av krampetendensar i låra, går eg frå Rollonhytta og ned til Eikremsvatnet til fots. Klokka 17.15 er eg ved bilen, sju timar etter avgang. Det einaste eg tenker er “væske”. Kald væske. Ein solbrend kar - på veg oppover til hytta si - foreslår at eg bør ta meg ein boksøl, men eg har forlengst programmert ein iskald cola. Etter å ha køyrt ned i Mauseidvåg sentrum - der eg konstaterer at Mauseidvåg sentrum ikkje lenger er noko sentrum - foregår AFTER SKI-sekvensen på Sulesund-ferja. For 52 kroner får eg ei kald cola og ei kald ananasbrus.